Hjelmeland Helse og Omsorg

Familierettleiar 50 % prosjekt, 2. gongs utlysing

Me søkjer familierettleiar eller andre med erfaring og kompetanse i å kommuniserer og samhandle rundt familiar. Me har ei  50 % prosjektstilling som blandt anna skal arbeide med born som slit med å komme på skulen og deira familiar. Stillingen skal vere eit lågterskel og førebyggjande tiltak innanfor skulehelsetenesta. 

Me har for tida familiar med barn som blandt anna har utfordringar med å gå på skulen. Me ynskjer å ha med på laget: deg som likar å arbeide med barn og familiar som har utfordringar med skulevegring. Me vil ha ein familierettleiar som har ei positiv rolle i møte med familiane, vere ein bidragsytar til familierelasjonane og eit bindeledd til skulane. Me har fått prosjektmiddler frå Helsedirektoratet til dette føremålet. Prosjektet varer ut 2025. Dersom me får innvilga nye prosjektmiddler er det muligheter for forlengelse.

Kvalifikasjonar
- familieterapaut/ relevant høgskuleutdanning for arbeid med barn       

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer

- har eit pedagogisk engasjement, der familien er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale

- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- god seniorpolitikk- bedriftskunstforeining

Anna
Målform i Hjelmeland kommune er nynorsk.

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.10.2024

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vågavegen 115 4130 Hjelmeland

Kart: