
Me treng fleire engasjerte kollegaer med på laget, er det deg?
Sjukepleiar 100 % fast i vikarpool
Årdal omsorgssenter har ledig 100 % fast i vikarpool som sjukepleiar frå 01.07.2025.
Stillinga er tredelt turnus med helgearbeid, men kan og være muligheit for nattevaktstilling med helgearbeid.
Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har ei demensavdeling med 8 langtidsplasser og ei somatisk avdeling med 13 langtidsplasser. Årdal omsorgssenter satsar bredt på velferdsteknologi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver knyta opp mot ei variert pasientgruppe.
Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- observasjonar og dokumentasjonsarbeid
- bruke VAR sjukepleieprosedyrar og veilederen aktivt
- tverrfagleg samarbeid /samhandling med andre faggrupper
- handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger
- ta vare på brukarane sine individuelle behov
Kvalifikasjonar
- søkjer må ha norsk autorisasjon
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B
Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
12.03.2025
Tiltreding:
01.07.2025
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
mob: 40439089
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Melevegen 136 4137 Årdal i Ryfylke