
Helsefagarbeidar 100 % fast i vikarpool og faste helgestillingar
Me har ledig ein 100 % fast stilling i vikarpool som helsefagarbeidar ved Årdal omsorgssenter med tiltreding frå 01.06.2025.
Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.
Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, student eller har du lyst å prøve eit nytt yrke?
Me har også ledige faste helgestillingar.
Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar. Årdal omsorgssenter satsar bredt på velferdsteknologi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver knyta opp mot ei variert pasientgruppe.
Me søker etter ein person som
- er fagleg dyktig
- har god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er sjølvstending og tek initiativ i arbeidet sitt
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
- bidra aktivt til eit godt miljø
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- primærkontakt funksjon
- dokumentasjon
Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent fagbrev som helsefagarbeidar
- erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort kl. B
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.03.2025
Tiltreding:
01.06.2025
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
mob: 40439089
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Melevegen 136 4137 Årdal i Ryfylke