
Dei mest spennande sommarjobbane i Hjelmeland
Sommarvert og aktivitetsguide
Me leitar etter serviceinnstilte og aktive folk. Me treng sommarvertar som har ansvar for kafé og turistkontor på Spinneriet. Det er viktig å ha eit smil på lur og vera imøtekommande. Som aktivitetsguide er du med på å planlegga og gjennomføra kjekke aktivitetar for barn og unge gjennom sommarferien. Det er bra om du sjølv er glad i eit aktivt liv og har interesse for friluftsliv og sommaraktivitetar.
Sommarvertane arbeider turnus i perioden medio juni til medio august, og det er også arbeid i helgene. Sommarvertane har også ansvar for Hjelmeland sitt turistkontor, og får tilbod om å gjennomføra kurs saman med turistvertane i dei andre kommunane i Ryfylke. Me treng 3-5 sommarvertar.
Aktivitetsguidar vil jobba i eit team med 3-5 personar. Stillingsprosent er 100 % i 4 veker - fortrinnsvis i juli månad - og eventuelt noko arbeid utanom dei vekene. Ein av aktivitetsguidane får i oppgåve å vera teamleiar, og får arbeid i om lag 5-6 veker. Det vil bli gitt opplæring. Det kan bli aktuelt med arbeid i helger.
Ansvar og arbeidsoppgåver for sommarvertar
- drift av sommarkafé og turistinformasjon
- vera med på planlegging og gjennomføring av sommararrangement
Ansvar og arbeidsoppgåver for aktivitetsguidar
- planlegging og gjennomføring av aktivitetsdagar for barn og unge, og fellesturar for familiar
- aktivisering av barn og unge med uformelle «pop up»-aktivitetar
Kvalifikasjonar
- beherska engelsk skriftleg og munnleg
- det kan vera ein fordel om du snakkar eit tredje språk
- det er ein fordel om du har fylt 18 år
- førarkort klasse B og eigen bil er ein fordel
- aktivitetsguidar bør vera symjedyktige
Me søkjer etter deg som
- liker å vera i kontakt med menneske
- er lærevillig og tar nye ting fort
- liker å jobba i eit hektisk miljø med mange forskjellige arbeidsoppgåver
- ikkje er redd for å ta i eit tak
Me tilbyr
- løn etter gjeldane avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
Vilkår
Tilsetjinga skjer på kommunale lønnsvilkår. Det vert trekt 2% pensjon av bruttoløn i eigenandel.
Feriepengar utbetalast ved slutt.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal arbeida som aktivitetsguide.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål, bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Kontaktpersonar
Sommarvertar: Magnar Riveland (404 39 153)
Aktivitetsguidar: Åsmund Sigmundstad (404 39 155)
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
01.04.2025
Tiltreding:
16.06.2025
Arbeidsstad:
Hjelmeland
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 115 4130 Hjelmeland