Har du erfaring innan oppvekst som du ønsker å dela med oss?
Generelle søknader - Oppvekst
Sjølv om det ikkje alltid er ledige stillingar i Hjelmeland kommune er me alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, og fleire avdelingar har ofte behov for tilkallingsvikarar. Ønskjer du å dele din kompetanse innan oppvekst? Då set me pris på om du vil legga inn din CV i vår database ved å søkje på denne utlysinga. Din CV vil bli oppbevart i vår database i 6 månader. Tilsetjing på kommunale vilkår.
Alle ledige stillingar finn du her på heimesida vår.
Du må søkje på dei stillingane som er lyst ut for å kome med i betraktning til ledige stillingar.
Kontaktpersonar innan oppvekst
- Hjelmeland barnehage: Brit H. Apeland
- Årdal barnehage: Siri Vestersjø
- Fister barnehage: Rannveig Ueland Terøy
- Jøsenfjorden barnehage: Anita Hjorteland Viken
- Hjelmeland skule: Harald Ommundsen
- Årdal skule: Frank Bjørkhaug
- Fister skule: Silje Riskedal
- Kulturskulen: Hans Widerøe
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ein ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønsker allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Ønsker du å verte betre kjent med oss besøk vår heimeside eller følg oss på Facebook.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.12.24
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 116 4130 Hjelmeland