Hjelmeland kommune

Leiar for investering, kultur og innbyggarkontakt

Vil du leia ei nyoppretta eining med stor betydning for utviklinga i kommunen og innbyggjarane sitt møte med oss?
Me søker ein fleksibel og innsiktsdriven leiar til ei nyoppretta eining med ansvar for investering, kultur og kundekontakt. Stillinga gir eit unikt høve til å bygga eininga frå start.

Ansvar og arbeidsoppgåver
Som leiar hos oss får du ansvar for ei eining som spenner breitt – frå gjennomføring av investeringsprosjekt, til vidareutvikling av gode tenester innan kultur, kundesenter og arkiv. Du har personalansvar for ni medarbeidarar.

Du vil ha ei sentral rolle i å: 
- leia dyktige medarbeidarar innan kultur, bibliotek, kundesenter, investeringar og arkiv
- leia innkjøpsprosessar og anbodsutlysingar
- planlegga og gjennomføra investeringsprosjekta til kommunen

Stillinga inneber både leiing av medarbeidarar og sjølvstendig fagleg arbeid.

Aktuelle arbeidsoppgåver kan vera:
- Overordna ansvar for å halda i investeringsporteføljen til kommunen
- Prosjektstyring av utbyggings- og utviklingsprosjekt
- Gjennomføring av anskaffingar og konkurransar i tråd med regelverk
- Bidra strategisk til den heilskaplege utviklinga i kommunen
- Leiing og utvikling av medarbeidarane til avdelinga
- Vidareutvikla kundesenter, arkiv og publikumsretta tenester

Kven ser me etter?
- me søker etter ein person som både kan leia og levera 
- du er motivert av ansvar, og trivst med å omsetta planar til konkrete resultat
- er ein tydeleg og inkluderande leiar
- har godt humør
- er ein lagspelar som òg kan jobba sjølvstendig
- jobbar strukturert og har høg gjennomføringsevne

Hos oss får du
- ei viktig rolle i utviklinga av kommunen
- stor grad av påverknad og sjølvstende
- moglegheit til å bygga kultur i ei ny eining
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- gode utviklingsmoglegheiter som leiar

Kvalifikasjonar og vilkår
- relevant utdanning frå universitets-/høgskulenivå, ønskeleg på masternivå innan ingeniørfag, juss, økonomi, ingeniørfag eller liknande
- du presenterer saker for politikarane, så det er krav om god norskkompetanse både skriftleg og munnleg, B2 (skriftleg og munnleg)
- førarkort klasse B

Arbeidsoppgåvene kan og vil forandra seg, så det er naudsynt at du er løysingsorientert og fleksibel.
Då det ligg sakshandsamingsansvar til stillinga, er det ein stor fordel om du har erfaring frå prosjektleiing, gjerne innan investering/utbygging.

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr
- konkurransedyktig lønn
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- spennande og varierte oppgåver
- fleksibel arbeidstid
- eit triveleg og dynamisk arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver i ein aktiv og allsidig bygdekommune
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.06.2026

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Kart: