
Vil du jobba som vikar i pleie og omsorg?
Tilkallingsvikar ved Hjelmeland omsorgssenter
Hjelmeland omsorgssenter leiter etter dyktige tilkallingsvikarar innan helse og omsorg. Me søkjer deg som har lyst til å jobba som vikar hjå oss. Du får eit meningsfullt arbeid med gode kollegaer som vil støtte deg og gje deg god opplæring i jobben. Søknader blir behandla fortløpande.
Hjelmeland omsorgssenter er eit av de to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har kortids- og rehabiliteringsavdeling, heimesjukepleie, dagsenter, omsorgsbustader, sentralkjøkken og kontor for omsorgstenester.
Me søkjer etter ein person som
- kan jobba på kort varsel
- er fleksibel og løysningsorientert
- er lærevillig
- er god på samarbeid
- ønskjer å arbeide med eldre mennesker
- er sjølvstendig og tar initiativ i sitt arbeid
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- dokumentasjon
- ivareta brukarane sine individuelle behov
- praktisk bistand, reingjering
Kvalifikasjonar:
- autorisasjon som helsefagarbeidar evt. anna helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men andre kan også søkje
- bestått språkopplæring på nivå B2
- førarkort kl. B
- personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Me tilbyr:
- godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.02.2023
Tiltreding:
fortløpande
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
mob: 40439090
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 115 4130 Hjelmeland