Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune

Er du vår nye plan- og forvaltningssjef?

Plan- og forvaltningssjef

Hjelmeland kommune søkjer ein engasjert og strategisk sterk plan- og forvaltningssjef som ønskjer å bidra til berekraftig utvikling, god arealforvaltning og heilskapleg samfunnsplanlegging.

Vår noverande plan- og forvaltningssjef går av med pensjon, og vi søkjer no hennar etterfølgjar.

Dette er ei sentral og spennande leiarstilling i Hjelmeland kommune, der du får høve til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet, der omstilling og utvikling står sentralt i arbeidet vårt framover.

Som plan- og forvaltningssjef vil du leie eit kompetent fagmiljø med ansvar for arealplanlegging, byggjesak, kart og oppmåling, miljø, landbruk og eigedomsforvaltning. Stillinga gir deg ein unik moglegheit til å arbeide strategisk og tverrfagleg med viktige samfunnsutfordringar. Du vil jobbe tett saman med politikarar, næringsliv, innbyggjarar og andre einingar i kommunen.

Stillinga ligg under området Samfunn og Næring, og rapporterar til Kommunalsjef samfunn og næring.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle kommunen sitt plan- og forvaltningsarbeid
  • Koordinere arbeidet med kommuneplanen og andre overordna planar
  • Sikre god sakshandsaming etter plan- og bygningslova
  • Rettleie politikarar og leggje til rette for gode avgjerdsgrunnlag
  • Samarbeide med regionale og nasjonale styresmakter
  • Budsjett- og personalansvar for avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning innan samfunnsplanlegging, arealplanlegging, geografi, ingeniørfag, juss eller tilsvarande
  • Leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor
  • God kunnskap om plan- og bygningslova, forvaltningslova og anna relevant regelverk
  • Strategisk og heilskapleg forståing
  • Gode samarbeidsevner og tydelege kommunikasjonsevner
  • Førerkort kl B
  • Språkkunnskap tilsvarande nivå B2

Me tilbyr

  • Ei nøkkelrolle i utviklinga av ein kommune i vekst
  • Meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid   
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Er du den rette for denne spannande og varierte stillinga? Send oss din søknad med CV seinast 29. august. Ikkje utsett å melde din interesse til tross for sommarferien. Me les og vurderar fortløpande.
Ved spørsmål, kontakt vår rådgjevar hos Capus, Per Jorem, mobil: 400 21 560.

Søk på stillinga her!

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Jone Fuglestein

mob: +47 40439140

Per Jorem

mob: +47 40021560

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Kart: