Hjelmeland kommune

Har du erfaring innan oppvekst som du ønsker å dela med oss?

Generelle søknader - Oppvekst

Sjølv om det ikkje alltid er ledige stillingar i Hjelmeland kommune er me alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, og fleire avdelingar har ofte behov for tilkallingsvikarar. Ønsker du å dele din kompetanse innan oppvekst? Då set me pris på om du vil legga inn din CV i vår database ved å søke på denne utlysinga. Din CV vil bli oppbevart i vår database i 6 månader. Tilsetjing på kommunale vilkår.

Alle ledige stillingar finn du her på heimesida vår.
Du må søke på dei stillingane som er lyst ut for å kome med i betrakting til ledige stillingar.

Kontaktpersonar innan oppvekst
- Hjelmeland barnehage: Brit H. Apeland
- Årdal barnehage: Siri Vestersjø
- Fister barnehage: Rannveig Ueland Terøy
- Jøsenfjorden barnehage: Anita Hjorteland Viken
- Hjelmeland skule: Sjur Atle Kleppa
- Årdal skule: Frank Bjørkhaug
- Fister skule: Marta Dalane
- Kulturskulen: Hans Widerøe

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i  barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ein ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønsker allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.


Ønsker du å verte betre kjent med oss besøk vår heimeside eller følg oss på Facebook.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Søknadsfrist:

31.12.2021

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland