Er du sjukepleiar og har lyst på nye utfordringar?
Sjukepleiar 100 % fast stilling
Me søkjer ein engasjert og omsorgsfull sjukepleiar i 100 % fast stilling ved Hjelmeland omsorgssenter med tiltreding frå medio juni. Hos oss får du vere med og bidra til trygge og gode tenester for brukarane våre, i eit arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, respekt og fagleg utvikling. Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.
Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar og heimetenesten. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar.
Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.
Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- oppgåver ut i frå fagkompetanse (legemiddelhandtering, primærkontakt funksjon).
- observasjonar og dokumentasjonsarbeid
- handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger
- ivareta brukarane sine individuelle behov
Kvalifikasjonar
- søkjer må ha norsk autorisasjon
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
29.03.2026
Tiltreding:
medio juni 2026
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
mob: 40439090
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 115 4130 Hjelmeland