Hjelmeland kommune

Er du strukturert og serviceinnstilt?

Kontormedarbeidar i 80 -100 % vikariat

Me har ledig 80 - 100 % vikariat som kontormedarbeidar ved Hjelmeland  omsorgssenter. Vikariatet er frå 01.05.2026 til 30.04.2027. Arbeidstid er på dagtid.
Dette er ei spanande stilling der du arbeidar tett saman med einingsleiar og dei tilsette.

Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar og heimetenesten. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar. 

Me søkjer deg som:
- er positiv, strukturert og løysingsorientert
- arbeider sjølvstendig og tek ansvar
- er serviceinnstilt og imøtekomande
- er nøyaktig og påliteleg
- handterer fleire oppgåver samtidig
- har gode IT-kunnskapar
- har erfaring med fagsystema CosDoc, Visma Ressurstyrring og WebSak

Arbeidsoppgåver:
- dagleg oppfølging av arbeidsplanar
- innleige av personell ved fråver
- turnusarbeid
- arkivering og dokumenthandtering
- fakturabehandling
- registrering av personalmeldingar
- oversikt og koordinering av daglege aktivitetar og arrangement 
- bistand til nytilsette og vikarar
- anna førefallande administrativt arbeid 

Kvalifikasjonar:
- fagbrev i kontor og administrasjon
- søkjarar med relevant erfaring  og kjennskap til relevante datasystem kan kompensere for manglande fagbrev
- god norsk munnleg og skriftleg, minimum nivå B2
- førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav

Me tilbyr:
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver

- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage

 Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidater til å søkje jobb hjå oss uavhening av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månader må leverast før oppstart i stillinga.

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.02.2026

Tiltreding:

01.05.2026

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vågavegen 115 4130 Hjelmeland

Kart: