Vil du vere med og skape trygge og gode opplevingar i vatn for innbyggjarane våre?
Bademeister 100 % fast stilling
Me søkjer etter ein engasjert bademeister i 100 % fast stilling til det nye svømmeanlegget i kommunen, som skal opnast i august 2026.
Du vil får ein sentral rolle i drifta av anlegget og ha ansvar for både tryggleik, vedlikehald og trivsel for publikum.
Det er ønskjeleg med tilsetting så snart som mogleg, slik at du kan vera med i utforminga av det nye anlegget.
Stillinga kan føre med seg noko ettermiddags- og kveldsarbeid.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- dagleg drift av anlegget
- tilsyn av basseng, teknisk anlegg og reinseanlegg i samarbeid med Bygg og anlegg
- sikre at forskrifter for tryggleik, drift og hygiene blir følgde
- oppfølging av økonomi, personal og HMS-arbeid
- utarbeiding av turnus- og arbeidsplanar
- drifta av skule- og barnehagesvømming
- oppsøkande marknadsføring mot t.d. lokalt næringsliv og organisasjonar i kommunen
Arbeidsoppgåvene kan bli justert innanfor verksemda sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- erfaring frå liknande arbeid er ønskeleg, men ikkje eit krav
- kompetanse om vannkvalitet og renseanlegg er ein fordel
- kunnskap om livredding og førstehjelp
- språkkrav minimum B2-nivå
- førarkort klasse B
Me søker etter ein person som
- har gode leiar- og samarbeidsevner
- kommuniserer tydeleg og tillitsvekkande
- er sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
- er fleksibel og nøyaktig
- ikkje er redd for å ta i eit tak
- har interesse for folkehelse og gode opplevingar for publikum
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- høve til å vera med å utvikle det nye svømmeanlegget
- løn etter gjeldane avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- rekrutteringstiltak som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me for enkelte stillingar krev politiattest, t.d. dei som jobbar med barn og unge. Dette er ei stilling kor det vil vera krav om politiattest.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
17.11.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
mob: 90186135
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 116 4130 Hjelmeland