Me søkjar etter ein engasjert lærar for småtrinnet
Lærarvikariat ved Årdal skule 100 %
Me har ledig eit vikariat i 100 % på småtrinnet i perioden 01.02.2026 - 31.12.2026.
Årdal skule har fokus på at elevane skal vera aktive i si eiga læring og lære gjennom praktisk deltaking i aktivitetar, både i klasserommet og i naturen. Me har eigen innhaldsrik skulehage med fleire plantekassar til kvar klasse, parkbord, bålpanner m.m.. Skuleskogen vår ligg 400 meter frå skulen med stor ny gapahuk og stort område å drive læring og vera aktive på, ferskvatn med strand og badeplass, 1,5 km til sjø, strand og kai samt mange andre moglegheiter til læring gjennom deltaking i umiddelbar nærleik til skulen vår.
Årdal skule er ein 1.-7. skule med 60 elevar. Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte lærarar som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane.
Visjonen vår er: "Årdal skule – Trygt og godt, lærerikt og kjekt!"
Mottoet vårt er: "Aktive elevar som lærar gjennom praksis!"
Er DU vår nye medarbeidar? Send oss ein søknad - me ser fram til å høyra frå deg!
Ansvar og arbeidsoppgåver
- me søkjer etter ein lærar til undervisning i grunnskulen, vikariatet er på 2. trinn og ein må medrekne kontaktlæraransvar
- nært samarbeid med andre som arbeider på trinnet
Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent lærarutdanning, fortrinnsvis småskule
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
- ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi
Me søkjer etter deg som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg klasseleiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
- har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg (minimum B2)
Me tilbyr
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- eit rikt friluftsliv og eit godt kulturtilbod
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjonsordning i Statens pensjonskasse med 2% av bruttoløn som eigendel.
Anna
- målform i Hjelmeland kommune er nynorsk
Vilkår ved tilsetjing
I søknadsvurderinga legg me vekt på utdanning, praksis, undervisningsbehov og personlege kvalifikasjonar, jf. opplæringslova §10-5.
Me tek atterhald om tilfredsstillande politiattest, jf. opplæringslova §10-9, og godkjent eksamen.
Tilsetjing skjer på dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtala.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette - Me kan tilby.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Referansenummer:
Vikar oppvekst
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
09.11.2025
Tiltreding:
01.02.2026
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Melevegen 125 4137 Årdal i Ryfylke