Hjelmeland skule / Fister skule / Årdal skule

Lærar i 60 % stilling- vikariat med moglegheit for fast tilsetjing

Lærar 60 % vikariat Fister skule

Team Fister søkjer ein engasjert og samarbeidane lærar!
Me har nå eit ledig vikariat i 60 % stilling i perioden 01.01.26-31.07.26, med moglegheit for fast tilsetjing. 

Hos oss står elevane alltid i sentrum. Me ønskjer at dei skal lære gjennom deltaking, utforsking og bevegelse-både i klasserommet og ute i naturen. Skulen vår har ei unik beliggenheit som gir gode moglegheiter for uteskule og praktisk læring, og  me legg stor vekt på å bruke nærmiljøet aktivt som læringsarena.

Visjonen vår er tryggleik og utvikling, og me ønskjer ein lærar som trivst med å byggje gode relasjonar, ser kvar elev og bidreg til eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Du må like å samarbeide, vere fleksibel og ha eit engasjement for elevane si læring og trivsel.

Kunne du tenkt deg og vore ein del av Team Fister?

Send oss gjerne ein søknad - me ser fram til å høyre frå deg!

Kvalifikasjonar og vilkår
- lærar som er formelt kvalifisert for undervisning i grunnskulen
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
- ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi 

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg klasseleiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 


Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.10.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Solbjørvegen 62 4139 Fister

Kart: