Hjelmeland kommune

Me søker ein utviklingsorientert og samlande leiar

Kommunalsjef samfunn og næring

Me søker ein utviklingsorientert og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av tenesteområde samfunn og næring i Hjelmeland kommune.

Som kommunalsjef samfunn og næring får du ei nøkkelrolle i kommunen si leiargruppe, og blir ansvarleg for viktige tenester retta mot innbyggjarane. Du skal leie eit breitt fagfelt med rundt 40 tilsette og eit budsjett på om lag 50 millionar kroner. Dette er ei spanande stilling for deg som vil kombinere strategisk leiing med konkret samfunnsutvikling.

Vår nye kommunalsjef må vere ein tydeleg og inspirerande leiar med fokus på utvikling og resultat. Rolla krev gode evner til å bygge relasjonar og kommunisere klart.

Arbeidsoppgåver:
- Utvikle og leie kommunen sine tenester til innbyggjarane innan næring og landbruk, bygg og eigedom, plan og byggesak, stadsutvikling, kultur, informasjon og innbyggjardialog
- Ansvar for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet innanfor kommunale planar, budsjett og gjeldande lov- og regelverk
- Overordna fag-, økonomi- og personalansvar
- Ansvar for strategisk leiing av eige område og delta i kommunedirektøren si leiargruppe for å fremje kommunen si utvikling

Kravspesifikasjonar:
- Høgare relevant utdanning
- Gode leiarerfaringar
- God økonomiforståing, og erfaring med budsjett- og økonomistyring
- Innsikt i ansvarsområdet, næringslivet og samspel mellom politikk og administrasjon
- Digital forståing
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Me tilbyr ei spanande leiarstilling i ein organisasjon med dyktige tilsette og med gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i kommunen og i organisasjonen.
Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste.

For å søke: klikk her! 

Ved spørsmål, kontakt vår rådgjevar hos Capus, Per Jorem (+47 400 21 560).

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.10.2025

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Per Jorem

mob: +47 40021560

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Kart: