Hjelmeland kommune Oppvekst

Styrar/einingsleiar Hjelmeland barnehage 100 % fast

Me har ledig fast stilling som styrar/einingsleiar i Hjelmeland barnehage, frå og med 01.10.2025

Er du på jakt etter nye utfordringar? Blir du motivert av utviklingsarbeid og av å lage ein god kvardag for små og store? Då vil me gjerne ha deg som vår styrar!

Opplysningar om stillinga
Styrar/einingsleiar har det faglege og økonomiske ansvaret for barnehagen, og skal jobbe i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, under dette: Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagen, planane til kommunen og andre styringsdokument.

Arbeidsoppgåver
Innanfor si teneste har styrar/einingsleiar:
• ansvar for å leie det pedagogiske arbeidet, og følgje opp utviklingsarbeid og planar
• ansvar for å utøve god leiing og dagleg drift
• personalansvar for alle dei tilsette
• budsjett- og økonomiansvar
• ansvar for samhandling og medverknad med lokale tillitsvalde og verneombod
• ansvar for samarbeid og samhandling med andre aktørar, innanfor og utanfor eigen organisasjon
• sikre godt samarbeid med foreldre/føresette
• vere ein leiar som bidrar til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø

Kvalifikasjoner
• godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning med barnefagleg og pedagogisk kompetanse
• god kunnskap og erfaring innan barnehageområde
• leiarerfaring, primært frå tenesteområdet er ønskeleg
• det er ønskeleg med relevant leiarutdanning
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• norskferdigheiter jf. barnehagelova § 28
• godkjend polititattest

Personlege eigenskapar
• gode relasjonelle eigenskapar som underbyggjer inkludering og involvering
• effektiv, løysingsorientert og fleksibel
• evne til å tenke - og handle ut ifrå ein heilskap som gagnar barnehagen
• evne til å lytte, men samstundes kunne ta sjølvstendige avgjersler
• evne til å begeistre ved å ta initiativ, motivere og gjennomføre
• evne til å leie og gjennomføre utviklings- og omstillingsarbeid

Me tilbyr
• lønn etter avtale
• gode kollegaer
• tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen

Me kan tilby - Hjelmeland kommune

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.09.2025

Tiltreding:

01.10.25

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Kart: