Hjelmeland skule

Miljøarbeidar Hjelmeland skule 100 % vikariat

Hjelmeland skule er ein 1. – 10. skule med ca. 200 elevar.

Me ynskjer tydelege, engasjerte og motiverte vaksne som er opptekne av å samarbeide for å skape gode lærings- og oppvekstvilkår for elevane.

Mottoet vårt er: Me gjer kvarandre gode.

Me treng miljøarbeidar i eit 100 % vikariat i perioden 01.08.25-31.07.26.   

Ansvar og arbeidsoppgåver
- oppfølging av elevar.
- nært samarbeid med andre som arbeider på skulen
- arbeidsoppgåver kan vera både i skule og i SFO

Kvalifikasjonar og vilkår
- fagarbeider innen barne- og ungdomsarbeid
- personar utan ønskja fagutdanning kan også søkja
- ønskjeleg med erfaring frå arbeid i skulen
- gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje seg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne seg ny kunnskap     

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Anna
- målform i Hjelmeland kommune er nynorsk

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Hjelmeland skule

Kontaktpersonar:

Harald Ommundsen

mob: 90678806

Adresse:

Ramsbu 11 4130 Hjelmeland

Kart: