
SFO-leiar Hjelmeland skule 50 % fast
Har du lyst til å bli ein del av leiarteamet ved skulen vår?
Hjelmeland skule har omlag 200 elevar og 50 tilsette på 1.-10. trinn. Barneskulen og ungdomsskulen er delt i to bygg. Skulen ligg sentralt til på Hjelmeland, rett ved sentralidrettsanlegget, idrettshallen og flotte turområde.
Me treng SFO leiar i 50 % fast stilling.
Me søkjer etter deg som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg leiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
Kvalifikasjonar
- erfaring med arbeid i SFO
- erfaring som leiar
- 3-årig høgskuleutdanning eller fagarbeidar
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon- og forskringsordningar etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Hjelmeland skule
Kontaktpersonar:
Harald Ommundsen
mob: 90678806
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Ramsbu 11 4130 Hjelmeland