
Vil du være med å sikre kommunen og styrke samfunnet?
Rådgjevar beredskap og eigedom
Hjelmeland kommune søker 100 % rådgjevar innan beredskap og eigedom. Me ser etter ein motivert og engasjert person som er pådrivar innan beredskapsarbeid og som kan gjennomføra sals- og kjøpsprosessar av tomter eller fast eigedom. Stillinga er organisert i kommunedirektøren sin stab.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- syte for at Hjelmeland kommune sitt system for beredskap er oppdatert etter gjeldande lov- og avtaleverk
- planlegge, gjennomføre og revidere ROS-analysar og beredskapsøvingar
- rådgjeving innan beredskap
- systemansvarleg for Rayvn - krisehåndteringssystem
- utbyggingsavtalar og kontraktsutarbeiding
- sakshandsaming til politiske og administrative utval
Kvalifikasjonar og vilkår
- universitet- eller høgskuleutdanning, minimum bachelor, innan relevant fagområde
- erfaring med beredskapsarbeid
- gode IT-ferdigheiter, systemkompetanse og digital forståing
- kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande B2
- førarkort kl B
Me søkjer etter ein person som
- ser kva som må gjerast
- er strukturert og løysingsorientert
- jobbar målretta og systematisk for dei gode resultata
- jobbar like godt sjølvstendig som saman med andre
- er endringsvillig
Me tilbyr
- løn etter avtale
- pensjon- og forsikringsordning etter tariffavtale
- gode stipend ordningar for etter- og vidareutdanning
- bedriftskunstforening
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er oppteken av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage og brannvesen.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.05.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 116 4130 Hjelmeland