Er du lidenskapleg opptatt av å gje god service til innbyggarane våre? Då er du den me er på jakt etter.
Konsulent kundesenteret - 100 % vikariat med moglegheit for forlenging
På kundesenteret i Hjelmeland kommune er det nå eit ledig vikariat som konsulent i 100 % frå snarast til og med 31.12.2025, med moglegheit for forlenging utover den perioden. Kjenner du at oppgåvene som inngår i stillinga er noko som triggar deg og liker ein arbeidskvardag med mykje forskjellig innhald, så må du trykke på søk her-knappen i annonsen.
Kundesenteret er lokalisert i Hjelmelandsvågen. Oppstart for stillinga vert etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- innbyggardialog
- resepsjonsarbeid
- informasjonsarbeid (sosiale mediar og heimeside)
- bibliotekoppgåver
- sentralbord
- postføring/arkiv
Kvalifikasjonar og vilkår
- relevant høgare utdanning på universitet/høgskulenivå
- erfaring kan erstatte krav om høgare utdanning
- gode norskkunnskapar (B2-nivå)
- førarkort klasse B
Me ser etter deg som er
- serviceinnstilt
- strukturert
- sjølvstendig
- kreativ
- god på kommunikasjon
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.01.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune
Heimeside:
https://www.hjelmeland.kommune.noAdresse:
Vågavegen 116 4130 Hjelmeland