Har du lyst på sommarjobb i Hjelmeland kommune?
Sommarvikar 2025
Me ser etter
deg med godt humør, glimt i auga og stå på vilje. Deg som vil jobba på ein kjempekjekke arbeidsplass med gode kollegaer nokon veker frå medio juni til medio august. Hos oss har me ledige sommarjobbar med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor følgjande områder: Helse og omsorg, bygg og anlegg, reinhald, oppvekst og kultur.
Me tilsett fortløpande og siste frist for å søke er 01.04.25.
Helse og omsorg
Me treng sommarvikarar ved Hjelmeland omsorgssenter (HOS), Årdal omsorgssenter (ÅOS) og Hjelmeland legekontor. Ved omsorgssentra søkjer me etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i turnus med helg. Hjelmeland legekontoret søkjer etter sjukepleiarar med minimumskrav som sisteårs student.
Vikarar må helst ha fylt 18 år, språknivå tilsvarande nivå B2 og einskilde stillingar krev førarkort.
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Hjelmeland omsorgssenter: Mona Krogevoll, 404 39 090
- Årdal omsorgssenter: Eli Nesvåg, 404 39 089
- Legekontoret: Marta Ommundsen, 404 39 076
Bygg og anlegg, reinhald
Bygg og anlegg har behov for sommarvikarar for diverse vedlikehaldsarbeid på bygningar og grøntanlegg. Arbeidsoppgåvene er klipping av gras og hekk, luking av bed og rydding av fellesareal, maling utvendig og innvendig på kommunale bygg o.l.. Det er òg behov for sommarvikarar til reinhald ved diverse kommunale bygg.
Det går fint å søkje om du er under 18 år, men du bør ha fylt 16 år. Det er ein fordel å ha førarkort for bil med manuelt gir.
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Bygningar og grøntanlegg: Geir Myhre, 901 86 135
- Reinhald: Anita Rørheim, 404 39 13
Oppvekst
Me treng sommarvikarar ved barnehagane våre. Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar. For å bli tilsett i barnehage må du være over 16 år og det er krav om norskkunnskap på minimum B2 nivå, jf. barnehagelova § 27.
Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Fister og Jøsenfjorden barnehage: Rannveig Ueland Terøy, 404 39 220
- Årdal barnehage: Siri Vestersjø, 404 39 210
- Hjelmeland barnehage: Brit H. Apeland, 404 39 195
Kultur (turistvert og aktivitetsguide)
Me treng turistvertar og aktivitetsguidar. Det er viktig for oss at du er serviceinnstilt og imøtekommande. Som turistvert er du den første besøkande i Hjelmeland møter.
Som aktivitetsguide er du med på å planlegga og gjennomføra kjekke aktivitetar for barn og unge gjennom sommarferien. Aktivitetsguidar må legga fram politiattest.
Spørsmål om stillingane kan rettast til
- Magnar Riveland, 404 39 153
- Åsmund Sigmundstad, 404 39 155
Vilkår
Tilsetjinga skjer på kommunale lønnsvilkår. Det vert trekt 2% pensjon av bruttoløn i eigenandel.
Feriepengar utbetalast ved slutt.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Kontaktperson
Malin Nordbø, personalsjef, mobil: 404 390 17, malin.nordbo@hjelmeland.kommune.no
Del på:
Avdeling:
Hjelmeland kommuneAdministrasjon
Hjelmeland omsorgssenter
Årdal omsorgsenter
Bygg og anlegg
Hjelmeland barnehage
Organisasjon, HR og beredskap
Kulturkontoret
Fister barnehage
Årdal barnehage
Jøsenfjorden barnehage
Renhold
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
01.04.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hjelmeland kommune