Helse

Vil du bli med på laget vårt?

Jordmor 40 % fast stilling, 2. gongs utlysing

Viss du har lyst til å vere ein del av eit arbeidsmiljø med mange engasjerte og dyktige kollegaer så er dette kanskje noko for deg?
Me har ledig stiling som jordmor ved Helse eininga. Helse eininga består av helsestasjon, legekontor, fysioterapi avdelinga, avdeling psykisk helse, tilrettelagde tenester og HAB.
Stillinga er ved helsestasjonen. Helsestasjon har to helsesjukepleierar, psykiatrisk sjukepleiar, lege, familieterapaut og fysioterapaut knytta til seg.
Arbeidsstad vil vera ved Helsehuset i sentrum av Hjelmeland. Her er og barnevern, NAV og tannlegekontor lokalisert. Her er mange trivelege arbeidskollegaer og godt tverrfagleg samarbeid.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- svangerskapskontrollar
- veiledning/rådgivning til gravide og deira familiar
- forbereding til foreldrerolla med fokus på fysisk og psykisk helse
- foreldreførebuande gruppe
- barselgrupper
- heimebesøk etter fødsel

Kvalifikasjonar og vilkår
-
 norsk autorisasjon som sjukepleiar med videre utdanning som jordmor
- ønskelig med erfaring frå fødselsomsorg, barselomsorg og svangerskapsomsorg
- beherske norsk skriftleg og muntleg godt - nivå B2
- kunne arbeide sjølvstendig og målretta 
- førarkort klasse B 
- disponere eigen bil

Me søkjer etter ein person som
- har gode kommunikasjonsevner, både muntlig og skriftleg
- er sjølvstendig , fleksibel og faglig engasjert
- er framoverlent og positiv bidragsytar i utvikling av tenesta
- fordel med kjennskap til og erfaring frå journalsystemet Infodoc
- personlig egnethet vil verta vektlagt

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 


Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.12.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Prestagarden 13 4130 Hjelmeland

Kart: