Årdal omsorgssenter

Drives du av eit aktivt miljø i eit godt team? Har du lyst å lære meir om velferdsteknologi? Da er du vår nye kollega!

Helsefagarbeidar 80 % fast stilling og faste helgestillingar

Er du utdanna helsefagarbeidar?

Me har ledig 80 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Årdal omsorgssenter med oppstart snarast. Stillinga inngår i tredelt turnus med helgearbeid. 

Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, student eller har du lyst å prøve eit nytt yrke?

Me har også ledige faste helgestillingar. 

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har ei demensavdeling med 8 langtidsplasser og ei somatisk avdeling med 13 langtidsplasser.

Ansvar og arbeidsoppgåver
delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- oppgåver ut frå fagkompetanse (legemiddelhandtering, primærkontakt funksjon)
- observarsjonar og dokumentasjon
- ivareta bebuarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar og vilkår
- har helsefagleg utdanning - sjukepleiar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- ufaglærte er også velkommen til å søkje
- erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
- sertifikat kl B er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- bestått språkopplæring på nivå B2

Me søker etter ein person som
bidra aktivt til eit godt miljø
- er sjølvstendig og tar initiativ
- har god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er fagleg dyktig
- er positiv og motivert
- er løysingsorientert og fleksibel
- liker å være i kontakt med mennesker
- har glimt i auga og liker å jobbe i eit hektisk miljø
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak

Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

22.09.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Melevegen 136 4137 Årdal i Ryfylke

Kart: