Hjelmeland skule

Er du den nye læraren vår?

Lærar 100 % fast stilling

Lærar i 100 % fast stilling ved Hjelmeland skule, frå 01.08.24.

Hjelmeland skule ligg sentralt plassert i Hjelmeland. Me er ein 1-10 skule delt på to bygg, eit for barneskulen og eit for ungdomsskulen. Ungdomskulen er i eit nytt modulbygg medan me ventar på heilt ny skule om 2 år. Skulen har 225 fantastiske elevar, og eit positivt og humørfyllt kollegie. 

Det kan og være moglegheit for at me treng personar til fleire lærarstillingar, då er det i vikariat i ulike fag.

Kvalifikasjonar og vilkår
- lærar som er formelt kvalifisert for undervisning i grunnskulen
- set er ønskeleg med kompetanse tysk og realfag
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
- ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi 

Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg klasseleiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 


Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

For tida Hjelmeland skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Ramsbu 11 4130 Hjelmeland

Kart: