Hjelmeland barnehage

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Barnehagelærar Hjelmeland barnehage 100% vikariat

Vil du bli vår nye medarbeidar? Me har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar frå 01.08.24 - 31.07.25. 

Hjelmeland barnehage har frå hausten 2024 fire avdelingar, fordelt på to hus. Eit hus for to småbarnsavdelingar, og eit hus for to storbarnsavdelingar.

I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar, Hjelmelandsbarnehagen. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon "Det beste for barnet". Me ynskjer å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.

Barnehagane sine felles verdiar er "Respekt, Omsorg og Tryggleik".

Utviklingarbeidet vårt er i regi av regional kompetanseordning, Rekomp, der satsingsområda er- inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning, og barnehagen som pedagogisk verksemd.

Frå hausten 2023 deltek alle  barnehagane i Hjelmeland i eit partnerskap med Universitetet i Stavanger. Der fokuset er leik og samspelskompetanse.

Me søkjer ein barnehagelærar som lar seg inspirere av våre satsingsområder og utviklingsarbeid.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon, saman med pedagogisk leiar
- planlegge og gjennomføre foreldresamtalar, saman med pedagogisk leiar.
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- sikre gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- samarbeide med fagleg instans vedrørande barn med særlege behov
- vidareutvikle sin faglege kompetanse
- tilretteleggje for og bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø i barnehagen

Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent barnehagelærarutdanning
- gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Minimum B2

Me søkjer etter ein person som
- er fagleg engasjert
- er aktiv, engasjert og leken
- er positiv, fleksibel og løysningsorientert
- er sjølvstendig, men også samarbeidsvillig
- er varm og tydeleg og opptatt av å byggje relasjonar
- er genuint opptatt av barns leik, læring og utvikling
- er opptatt av klima- og miljøspørsmål og det å dele norsk kulturarv
- ser verdien av å lære barn praktiske ferdigheter og det å meistre kroppen sin

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- spennande arbeidsoppgåver
- ein barnehage som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Ramsbu 35 4130 Hjelmeland

Kart: