Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter

Er du vår nye kollega? Me vil ha deg med på laget!

Sjukepleiar/Helsefagarbeidar/Sjukepleiarstudent/Assistent

Årdal omsorgssenter har ledige helgestillingar frå 01.08.2024: 

  • 21 % fast stilling
  • 17,6 % fast stilling
  • 14 % fast stilling

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar. Årdal omsorgssenter satsar bredt på velferdsteknologi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver knyta opp mot ei variert pasientgruppe. 

Me søker etter ein person som
- bidra aktivt til eit godt miljø

- er sjølvstending og tek initiativ i arbeidet sitt
- har god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak

Arbeidsoppgåver
delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- oppgaver ut i frå fagkompetanse
- observasjon og dokumentasjon
- ivareta brukerane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar og vilkår
- har helsefagleg utdanning - sjukepleiar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
- ufaglærte er også velkommen til å søke
- erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort kl. B er ein fordel, men ikkje eit krav

Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk

- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage


Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside


Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Melevegen 136 4137 Årdal i Ryfylke

Kart: