Helse og omsorg

Fysioterapeut Hjelmeland kommune 100% fast stilling

Hjelmeland kommune har ei flott fysioterapi avdeling som ligg i lyse gode lokaler i Helsehuset. No treng dei fysioterapeut i 100% fast stilling.

Avdelinga har i dag 3,5 årsverk fysioterapeutar. Me dekker heile behovsspekteret både i institusjon, poliklinisk behandling og samarbeid med helsestasjon. I tilegg er hjelpemiddelformiddling ein del av arbeidsoppgåvene.

Stillinga har tiltredelse 1. juli 2024.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- drive behandling og helsefremjande arbeid
- fysioterapi på institusjonane me har
- formiddling av hjelpemiddler

Kvalifikasjonar og vilkår
- off. godkjennt fysioterapaut
- relevant erfaring frå kommunehelsetenesta både barn, vaksne og instisusjon
- krav om å beherske norsk skriftlig og muntlig min nivå C1
- krav om førerkort klasse B

Me søkjer etter ein person som 
- har kunnskap og ønske om å aktivt bruke og utvikle digitalisering i fysioterapi avdelinga
- har allsidig kompetanse, både i behandlingsmetodar og rehabilitering/habilitering innanfor dei ulike fagområda. 
- er ein støttespelar for dei andre i avdlinga ved kompliserte saker
- har erfaring med helsefremjande arbeid, tverrfaglig og tverretatlig samarbeid og samarbeid med spesialisthelsetenesta

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

01.07.2024

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Prestagarden 13 4130 Hjelmeland

Kart: