Organisasjon, HR og beredskap

Er du ein som er oppteken av HMS, kvalitet, beredskap og ROS-arbeid så kan dette være din nye jobb

Rådgjevar HMSK og beredskap

Hjelmeland kommune skal nå styrke rådmannen sin stab med ein 100% rådgjevar stilling som primært skal jobbe med HMSK og beredskap. Me søkjer etter ein motivert og engasjert person som er ein pådrivar innan HMSK, beredskapsarbeid og forankring. Stillinga er organisert i eininga Organisasjon, HR og beredskap, som i dag utgjer 3 årsverk.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- syte for at Hjelmeland kommune sitt system for HMSK og beredskap er i tråd med gjeldande lov og avtaleverk
- gjennomføre og revidere ROS-analysar
- planlegge og gjennomføre øvingar innan beredskap
- støtte og rådgjeving innan HMSK og beredskap
- systemansvarleg for CIM og Compilo
- syte for at planverk, retningslinjer og rutinar for HMSK og beredskap er oppdaterte
- sakshandsaming til politiske og administrative utval

Kvalifikasjonar og vilkår
- universitet- eller høgskuleutdanning, minimum bachelor, innan relevant fagområde
- erfaring med HMSK og beredskapsarbeid
- gode IT-ferdigheter, systemkompetanse og digital forståing
- kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- førarkort kl B og disponere eigen bil

Me søkjer etter ein person som
- ser kva som må gjerast
- er strukturert og løysingsorientert
- jobbar målretta og systematisk for dei gode resultata
- jobbar like godt sjølvstendig som saman med andre

Me tilbyr
- løn etter avtale
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- gode stipend ordningar for etter- og vidareutdanning
- bedriftskunstforening

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 
Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.02.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Kontorlokalisering: