Hjelmeland kommune

Har du lyst til å jobbe hos oss i Hjelmeland kommune i sommar? Vi treng deg som kan jobbe nokon veker fra medio juni til medio august.

Sommervikar 2023

Me ser etter
deg med godt humør, glimt i auga og stå på vilje. Deg som vil jobba på ein kjempekjekke arbeidsplass med gode kollegaer i sommar. Hos oss har me ledige sommarjobbar med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

Helse og omsorg
Me har behov for sommarvikarar ved Hjelmeland omsorgssenter (HOS) , Årdal omsorgssenter (ÅOS) og Hjelmeland legekontor.
Ved omsorgssentra søkjer me etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i turnus med helg.
Hjelmeland legekontoret søkjer etter sjukepleiarar med minimumskrav som sisteårs student.
Vikarar må ha fylt 18 år.
Språknivå tilsvarande nivå B2.
Einskilde stillingar krev førarkort.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Hjelmeland omsorgssenter: Mona Krogevoll, 404 39 090
- Årdal omsorgssenter: Eli Nesvåg, 404 39 089
- Legekontoret: Marta Ommundsen, 404 39 076

Bygg og anlegg
Bygg og anlegg har behov for sommarvikarar for diverse vedlikehaldsarbeid på bygningar og grøntanlegg. Det er også behov for sommervikarar til reinhald ved diverse kommunale bygg. Søkjar må ha førarkort.

I år planlegg me å tilsetje sommarvikarar mellom 16 og 18 år til enkle vedlikehaldsoppgåver som maling og arbeid i grøntområder. Så er du mellom 16 og 18 år kan du søkja sommarjobb. I samband med dette treng me og ein arbeidsleiar, som er over 18 år og har førarkort klasse B. Språknivå tilsvarande nivå B2.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:
Bygninger og grøntanlegg: Jone Fuglesten, 404 39 140
Reinhald: Anita Rørheim, 404 39 13

Oppvekst
Me treng sommarvikarar ved barnehagane våre. Me søkjer etter barne-og ungdomsarbeidarar og assistentar.
For å bli tilsett i barnehage er det krav om norskferdigheiter, jf. barnehagelova § 27.

Spørsmål om stillingane kan rettast til:
- Fister og Jøsenfjorden barnehage: Rannveig Ueland Terøy, 404 39 220
- Årdal barnehage: Siri Vestersjø, 472 31 017
- Hjelmeland barnehage: Brit H. Apeland, 404 39 195

Vilkår
Tilsetjinga skjer på kommunale lønnsvilkår. Det vert trekt 2% pensjon av bruttoløn i eigenandel.

Feriepengar utbetalast ved slutt.

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Kontaktperson
Malin Nordbø, Einingsleiar lønn og personal, mobil: 404 390 17, malin.nordbo@hjelmeland.kommune.no

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Sesong

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

06.03.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Kontorlokalisering: