Hjelmeland kommune

Har du erfaring innan reinhald eller bygg og anlegg som du ønsker å dela med oss?

Generelle søknader - Reinhald og Bygg og anlegg

Sjølv om det ikkje alltid er ledige stillingar i Hjelmeland kommune er me alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, og fleire avdelingar har ofte behov for tilkallingsvikarar. Ønsker du å dele din kompetanse innan reinhald eller bygg og anlegg? Då set me pris på om du vil legga inn din CV i vår database ved å søke på denne utlysinga.  Din CV vil bli oppbevart i vår database i 6 månader. Tilsetjing på kommunale vilkår.

Alle ledige stillingar finn du her på heimesida vår. Du må søke på dei stillingane som er lyst ut for å kome med i betrakting til ledige stillingar.

Kontaktpersonar innan bygg og anlegg
- Oskar Ommundsen

Kontaktpersonar innan reinhald
- Anita Rørheim

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ein ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønsker allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.


Ønsker du å verte betre kjent med oss besøk vår heimeside eller følg oss på Facebook.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.



Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Søknadsfrist:

31.12.2021

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Adresse:

Vågavegen 116 4130 Hjelmeland