Hjelmeland kommune

Har du erfaring innan helse og omsorg som du ønsker å dela med oss?

Generelle søknader - Helse og omsorg

Sjølv om det ikkje alltid er ledige stillingar i Hjelmeland kommune er me alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, og fleire avdelingar har ofte behov for tilkallingsvikarar. Ønsker du å dele din kompetanse innan helse og omsorg med oss? Då set me pris på om du vil legga inn din CV i vår database ved å søke på denne utlysinga. Din CV vil bli oppbevart i vår database i 6 månader. Tilsetjing på kommunale vilkår.

Alle ledige stillingar finn du her på heimesida vår.
Du må søke på dei stillingane som er lyst ut for å kome med i betrakting til ledige stillingar.

Kontaktpersonar innan helse og omsorg
- Hjelmeland omsorgssenter: Mona Krogevoll
- Årdal omsorgssenter: Janfrid Frantzen 
- Hjelmeland legekontor: Marta Ommundsen 
- Barnevernstenesta: Hanne Egeland
- NAV: Jorunn Foss 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i  barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ein ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønsker allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.


Ønsker du å verte betre kjent med oss besøk vår heimeside eller følg oss på Facebook.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.



Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Søknadsfrist:

31.12.2021

Arbeidsstad:

Hjelmeland kommune

Adresse:

Vågavegen 115 4130 Hjelmeland